til hovedinnhold
 
Utskrift fra www.arendalsuka.no
Dette var et arrangement i 2019

Presentasjon av resultat frå evaluering av kommune- og regionreform

Arrangør
NORCE Norwegian Research Centre
Dag
Onsdag 14/8 2019 18:00 - 19:00
Arrangementstype
Seminar
Tema
Partipolitikk , Demokrati
Språk
Norsk
Sted
Vitensenteret
Stedsbeskrivelse:
Vitenbiten
Antall plasser i lokalet
null
 


Om arrangementet

Ved nyttår 2020 skjer dei største endringane i kommunestrukturen sidan 1960-åra. 119 kommunar vil då vere slått saman til 47 nye, og talet på kommunar er gjennom kommunereforma redusert frå 428 til 356. Regjeringa ynskjer å halde fram arbeidet med å slå saman kommunar, men er då avhengig av at lokalpolitikarar og innbyggjarar viser større forståing for reformmåla enn dei gjorde i førre runde.

Korleis er føresetnadene for at talet på kommunar kan reduserast ytterlegare?

Vert samanslåing oppfatta som eit egna verkemiddel for å løyse kommunane sine utfordringar?

Vil erfaringane frå kommunar som slår seg saman vere gode, eller bidreg dei til å auke skepsisen til kommunereform?

Forskarar frå det NFR-finansierte Demos-programmet og forskingsinstitusjonen NORCE presenterer resultat frå ny forsking i kommunane og frå studiar av politiske og økonomiske disposisjonar i kommunar som er i ferd med å slå seg saman.

 

Kontaktperson
Gunn Janne Myrseth, Kommunikasjonsrådgiver, NORCE Norwegian Research Centre, 94498223, gumy@norceresearch.no
Twitter:
Universell utforming
Rullestoltilpasset lokale
Servering
Nei
Sidevisninger
1044