I Noreg har talet på cruiseturistar auka raskt dei siste åra, og nye framskrivingar spår 1 million cruisepassasjerar langs noregskysten i 2040. Miljøavtrykket frå cruiseturismen må ned, og frå 2026 kjem det krav om nullutslepp i tre norske verdsarvfjordar. Dette vedtaket har fått internasjonal merksemd, og det banar også veg for strengare utsleppskrav for andre fartøy og dei andre fjordane våre.
Norske pionerhamner har begynt arbeidet med å legga til rette for utsleppsfrie operasjonar, og norske teknologileverandørar er verdsleiande når det gjeld reine maritime løysingar. Kva vil vedtaket om utsleppsfrie fjordar kreva av strukturendringar og nye logistikkløysingar? Korleis skal vedtaket best gjennomførast? Korleis jobbar industrien for å møta nye og strengare krav?
Servering av kaffi og kaffimat.
Medvirkende
Atle Hamar, statssekretær (V), Klima- og miljødepartementet
Terje Halleland, stortingsrepresentant (FrP), Energi- og miljøkomiteen, Stortinget
Ingrid Heggø, stortingsrepresentant (Ap), Finanskomiteen, Stortinget
Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant (H), Energi- og miljøkomiteen, Stortinget