El-vannbuss i kollektivsystema - ny bruk av bybassenga
Arrangør
NCE Maritime CleanTech
Dag
Torsdag 15/8 2019 12:00 - 13:30
Arrangementstype
Debatt
Tema
Infrastruktur
, Klima/miljø
Språk
Norsk
Sted
Seilskipet Statsraad Lehmkuhl
Stedsbeskrivelse:
Forre banjer
Antall plasser i lokalet
null
Om arrangementet
I mange norske byar kan sjøtransport spela ei sentral rolle i meir effektive og miljøvenlege kollektivsystem. Norske leverandørar er allereie klare med løysingar for autonome, elektriske vannbussar som kan bidra til kortare reisetid, mindre køar på vegane og store reduksjonar i utslepp. Slike vannbussar krev heller ikkje utbygging av dyr infrastruktur. Norske byar skal bli både smarte og grøne. Er politikarane visjonære nok? Korleis kan ein sikra at sjøtransport i større grad blir integrert i byplanlegginga? Kva kan politikarane bidra med på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå for å sikra at verdsleiande norsk maritim miljøteknologi kjem i bruk i norske hamnebasseng?
Servering av rundstykke og kaffi.
Medvirkende
Pia Meling, sals- og marknadsdirektør, Massterly
Kjetil Kjenseth, stortingsrepresentant (V), Energi- og miljøkomiteen
Arne Christian Mohn, ordførar (A), Haugesund kommune
Hege Økland, dagleg leiar, NCE Maritime CleanTech
Rune Hvass, hamnesjef, Arendal havn
Geir Fredrik Sissener, ordførarkandidat, Arendal Høyre