2024 var eit rekordår for tal overnattingar ved kommersielle verksemder i Norge (SSB), og prognosane viser vekst dei neste åra, i stor grad drevet opp av utanlandske besøkande. Pilene peiker oppover, men veksten er ikkje uproblematisk. Trass i at Norge har forplikta seg til å bli eit lågutsleppssamfunn innan dei neste 30 åra, ser vi få tiltak som verkeleg monnar. For å nå klimamåla må samfunnet gjennom ei djup omstilling og kutt i klimagassutslepp har vist seg å vere særskilt utfordrande for reiselivsnæringa. Prosjektet TourRisk, finansiert av Forskingsrådet (2021-2025), har identifisert kva politikk som kan gje oss ei økonomisk robust reiselivsnæring, samtidig som utsleppa blir redusert. Veksten i reiselivet har óg andre følger, der høge besøkstal i hovudsesong gjev stor belastning på lokalsamfunn og frivillige organisasjonar, samt slitasje på natur og andre fellesgode. Myndigheitene peiker på at kommunane skal styre besøkstraumane gjennom lokal besøksforvaltning, men vil det vere nok i møte med stadig høgare besøkstal? Gjennom «Kunnskapssenter for berekraftig reiseliv» har Vestlandsforsking gjort tolegrenseanalysar på oppdrag frå kommunar i ulike reiselivsregionar. Analysane viser at sjølv om kommunane jobbar godt lokalt, har dei få verktøy for å bremse ein vekst som enkelte stader blir opplevd å være for stor. Bør det vere sterkare nasjonale føringar på ei næring som i så stor grad er basert på fellesgode? Foreløpig program: Innleiingar av: 1. Kristin Løseth, seniorforsker Vestlandsforsking: Presentasjon frå prosjektet TourRisk og politikkanbefalinger for å redusere utslepp frå reiselivet. 2. Stein Ove Rolland, Fjord Norge: Innsikt frå Tourrisk og utfordringar knytt til vekst frå næringa sitt perspektiv 3. Innleiar 3 Samtale: Veksten i reiselivet gjev gode inntekter og arbeidsplassar, men og høgare klimagassutslepp og slitasje på lokalsamfunn, natur og redningsteneste i høgsesong for enkelte destinasjonar. Bør det vere sterkare nasjonale føringar for veksten i reiselivet?