Ein god plass å bu - ein god plass å besøka

Arrangør
Voss herad
Dag
Mandag 12.8 2024 18:00 - 19:00
Arrangementstype
Foredrag
Tema
By- og stedsutvikling
Språk
Norsk
Sted
M/S Sandnes
Vis i kart
Stedsbeskrivelse
1. klasses salong
Antall plasser i lokalet
50
Medvirkende
Trude Storheim, Tidlegare Kultursjef, Voss herad
Tora Brunborg, Arkitekt - bygningsvernkonsulent og Prosjektleiar, Voss Folkemuseum/Lys i gamle hus
Bianca Wessel, Prosjektleder Lys i gamle hus, Fortidsminneforeningen
Elisabeth Lillegraven, Leiar Prosjekt og Utvikling, Voss herad
Kaia Finne, Næringssjef, Voss herad
Kontaktperson
Kaia Finne, Næringssjef, Voss herad, 48066092, kaia.finne@voss.herad.no
Universell utforming
Nei
Miljøprofil
Nei, vi oppfyller ikke Arendalsukas miljøkrav.
Servering
Ja
Om arrangementet

Det handlar om heilskapleg utvikling og Voss ynskjer å dela nokre refleksjonar frå eit kommunalt perspektiv: Kva gjer eit lokalsamfunn attraktivt? Kva rolle kan kommunen ta som utviklar? Kan gamle hus vera ein del av løysinga? Me byr på tre ulike presentasjonar og opnar opp for diskusjon i salen.

Kulturkraft

Rapporten "Musikkens verdi" frå Samfunnsøkonomisk analyse ser på effekten musikklivet har på ein kommune med Voss som eksempel. Er rett og slett Voss ein meir attraktiv plass å bu som fylgje av det mangfaldige fritids- og kulturlivet i kommunen? 

Stadsutvikling

Med ein sentrumsplan i botn og ei nyoppretta avdeling for prosjektutvikling i kommunen, har ein realisert fleire spanande prosjekt på Voss dei siste åra. Eit av desse er Voss aktivitetspark som vann den prestisjetunge prisen Landskapsarkitekturprisen 2023. Avdelinga jobbar ut i frå ein filosofi om at mange av dei utfordringane ein står ovanfor i dag er knytt til korleis me utformar dei fysiske omgjevnadane våre. Kommunane må difor ta ei aktiv rolle som utviklar, for å skapa robuste og berekraftige samfunn for framtida

"Lys i gamle hus"

Lys i gamle hus er eit treårig nasjonalt prosjekt i regi av Fortidsminneforeningen. Prosjektet ynskjer å visa det store potensialet dei gamle husa har, både med omsyn til klima, busetnadskvalitet og bygningsvern. Voss er ein av seks pilotkommunar og hjå oss ligg fokuset på strukturelle endringar og alternativ til riving. Ny bruk, eller ombruk av gamle hus, er både bygningsvern og miljøvern, og har ei sentral rolla i ei berekraftig stadutvikling. Å setja i stand eit gamalt hus er sirkulærøkonomi i praksis, men også ein viktig premiss for tilflytting og rekruttering av arbeidskraft til bygda. Dersom me skal nå klimamåla må me tenkja nytt om den bygningsmassen me allereie har og kommunane bør ta ein aktiv rolle for å sikra dette. 

Hopp til toppen