Energi for framtida – er høgdevindkraft den manglande brikka i global energiomstilling?

Arrangør
Kitemill, Voss herad
Dag
Tirsdag 13.8 2024 18:00 - 19:00
Arrangementstype
Debatt
Tema
Energi
Innovasjon
Språk
Norsk
Sted
M/S Sandnes
Vis i kart
Stedsbeskrivelse
1. klasses salong
Antall plasser i lokalet
50
Medvirkende
Asgeir Løno, CFO, Kitemill
Thomas Hårklau, CEO og Grunder, Kitemill
Andreas Bjelland Eriksen, Klima- og miljøminister, Klima- og miljødepartementet
Lars Haltbrekke, Energi- og miljøkomiteen, Stortinget
Alfred Bjørlo, Næringskomiteen, Stortinget
Kontaktperson
Asgeir Løno, CFO, Kitemill, +47 905 05 267, al@kitemill.com
Nettside
https://www.kitemill.com/
Universell utforming
Nei
Miljøprofil
Ja, vi oppfyller Arendalsukas miljøkrav.
Servering
Nei
Om arrangementet

Verda jaktar på nye, berekraftige energiløysingar og behovet har aldri vore meir kritisk. Med ein aukande befolkning og ein veksande middelklasse global, er behovet for å ta i bruk nye energikjelder tydeleg. Samtidig som det globale energibehovet er venta å auke med 30% innan 2040, står vi overfor ein potensiell klimakatastrofe dersom ikkje bruken av fossil energi vert redusert til eit minimum. Elektrifisering av energisektoren er nøkkelen til eit meir berekraftig samfunn. ¾ av verdas utslepp kjem frå fossile kjelder. I Noreg er 50 % av energien vår fornybar, i Europa er litt over 20 % fornybar, og i verda sett under eitt er vi under 10% fornybar energi.

I dette landskapet presenterer Kitemill ei løysing gjennom sin innovative teknologi for høgdevindkraft (airborne wind energy - AWE). Ved å utnytte sterkare og meir stabile vindar i høgare luftlag vil høgdevindbransjen revolusjonere korleis vi produserer vindkraft. Med eit lågare kostnadsnivå og mindre miljøpåverknad enn konvensjonelle vindturbinar, representerer Kitemills teknologi ein spennande veg framover.

Ein ny energiproduksjonsteknologi har aldri blitt introdusert utan store offentlege investeringar i forsking, utvikling og introduksjon. Oppsida for verda ved å lukkast er stor, energi utgjer 13 % av verdas BNP. Det vil også oppstå store industrielle moglegheiter for dei nasjonane som sikrar seg teknologisk leiarskap. Kitemill vil etablere seg der insentiva er sterkast, og det er i dag ikkje Noreg. EU har støtta Kitemill i fire omgangar medan norske verkemiddel ikkje treff denne typen utvikling, Tyskland har nyleg lansert innmatingstariffar for sektoren.  I dag er verdas største høgdevindkraftsselskap kinesisk med 150 tilsette, i fjor hadde dei ingen kjent aktivitet innan høgdevindkraft. Høgdevindkraft kan skipla handelsbalansar og endre det tryggingspolitiske biletet.

Kitemill frå Voss er blant dei tre leiande i verda på utvikling av AWE-teknologi, og har gjennom innovasjon og strategiske alliansar posisjonert seg godt. Med autonome kitesystem som opererer i høgare luftlag, adresserer Kitemill nokre av dei mest presserande utfordringane i vindkraftindustrien, inkludert redusert bruk av materialar, areal og kostnader.

Dette arrangementet vil gå inn i utfordringane med energiomstillinga nasjonalt og internasjonalt for så å dykke djupare inn i korleis høgdevindkraft kan spele ei sentral rolle i den globale overgangen til fornybar energi. Vi vil forstå korleis teknologien vil auke vår moglegheit til å elektrifisere verda, og samstundes bidra til økonomisk vekst, arbeidsplassar og energitryggleik.

Vi har gleda av å invitere politikarar, industriekspertar, og aktørar innan fornybar energi til å delta på presentasjonen og diskusjonar. Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen deltek i sesjonen.


Målet er å syne potensialet i AWE-teknologi, med særleg fokus på Kitemills banebrytande arbeid

Hopp til toppen