Kva skal KI gjere, kva bør det ikkje gjere?

Arrangør
Fagforbundet, Yrkesseksjon helse og sosial, Yrkesseksjon kontor og administrasjon
Dag
Onsdag 14.8 2024 10:15 - 11:30
Arrangementstype
Samtale
Tema
Helse
Innovasjon
Språk
Norsk
Sted
Bankgården
Stedsbeskrivelse
4. etg
Vis i kart
Antall plasser i lokalet
80
Medvirkende
Ingrid Wergeland, Kommunikasjonsrådgiver, Fagforbundet
Eskild Hustvedt, Rådgiver, Yrkesseksjon helse og sosial
Eirik Randsborg Lie, Personvernombud, Fagforbundet
Ishita Barua, Medisinsk direktør, Livv Health
Tobias Solli Iveland, Netsleder, Yngre legers forening
Hans Torvald Haugo, Generalsekretær, Norsk Optikerforbund
Kontaktperson
Ingvar Skjerve, Rådgiver, Yrkesseksjon helse og sosial, Fagforbundet, 48097983, ingvar.skjerve@fagforbundet.no
Nettside
https://www.fagforbundet.no/om-fagforbundet/yrkesseksjon-helse-og-sosial/
https://www.fagforbundet.no/om-fagforbundet/yrkesseksjon-kontor-og-administrasjon/
Universell utforming
Nei
Miljøprofil
Ja, vi oppfyller Arendalsukas miljøkrav.
Om arrangementet

Frå mange hald vært Kunstig Intelligens løfta fram som ei løysing på mange av utfordringane i helsetenestene. Yrkesseksjon helse og sosial og Yrkesseksjon kontor og administrasjon, vil ta deg med bak hypen, flosklane og hybrisen. Me spør folk som faktisk kan noko om dette om kva som eigentleg er moglegheitane og ser på fallgruvane og dei etiske dilemmaene knytta til KI i helse.
 

I panelet:

Ishita Barua

Ishita er lege og har doktorgrad i kunstig intelligens i medisin. Ho er en prisbelønna KI-forskar og har mellom anna forska ved Harvard Medical School. Ho er kåra til ein av Norges 50 fremste Tech-kvinner og har skreve boken "Kunstig intelligens redder liv", som kom i fjor haust. Hun jobbar i dag som gründer og medisinsk direktør i Livv Health.

Tobias Solli Iveland

Tobias er nestleder i Yngre legers forening. Han jobber som LIS i onkologi ved St.Olavs Hospital i Trondheim og er opptatt av IT i helsetjenesten. Tobias sit  i sentralstyret til Legeforeninga og i Legeforeninga sitt IT-utvalg. 

Eskild Hustvedt

Eskild er hjelpepleiar og sjukepleiar, med store deler av sin kliniske erfaring frå kreftomsorga. Han har erfaring som tillitsvald, og jobbar i dag som rådgjevar i yrkesseksjon helse og sosial i Fagforbundet. Han har òg bakgrunn som programvareutviklar og engasjerer seg for trygg bruk av KI i helsetenesta.

Eirik Randsborg Lie

Eirik er personvernombod i Fagforbundet. Han har over ti års erfaring med praktisk personvernarbeid, er sertifisert CIPP/E, CIPM og anerkjend som “Fellow of Information Privacy”. Han har mellom anna jobba med handtering av sensitive personopplysningar og korleis gjenbruk kan påverke tilliten mellom den registrerte og den som er behandlingsansvarleg.

Hans Torvald Haugo

Hans Torvald er generalsekretær i Norges Optikerforbund. Han har mellom anna jobba med utviklinga av EU sin bruk og organisering av helsedata sida 2020 og har også skreve for prestisjetunge The Lancet om emnet.

Ordstyrar er Ingrid Wergeland.

Ingrid jobbar i Fagforbundet si informasjonsavdeling kor ho mellom anna lagar podkasten «Heile laget».  

 

Hopp til toppen