Kor mange turistar toler norske reisemål? Lokale utfordringar og globale utslepp

Arrangør
Vestlandsforsking
Dag
Torsdag 15.8 2024 14:00 - 14:45
Arrangementstype
Samtale
Tema
Reiseliv
Forskning
Språk
Norsk
Sted
GRID-Arendal
Stedsbeskrivelse
Bakgården, 2. etg
Vis i kart
Antall plasser i lokalet
100
Streaming
Gå til streamingsiden
Medvirkende
Anne Karin Hamre, Direktør, Vestlandsforsking
Carlo Aall, Leiande seniorforskar, Vestlandsforsking
Kristin Løseth, Seniorforskar, Vestlandsforsking
Agnes Brudvik Engeset, Seniorforskar, Vestlandsforsking
Rune Støstad (bekrefta), Nestleiar Næringskomiteen, Ap
Alfred Bjørlo (bekrefta), Medlem Næringskomiteen, V
Per Arne Tuftin (bekrefta), Direktør, Norsk reiseliv
Andreas Wollnick Wiese (bekrefta), Ordførar i Luster kommune, Sp
Kontaktperson
Carlo Aall, Vestlandsforsking, 99127222
Universell utforming
Nei
Miljøprofil
Ja, vi oppfyller Arendalsukas miljøkrav.
Om arrangementet

Mange sektorar i samfunnet har lykkast med klimakutt, men i reiselivet held utsleppa fram med å auke. Korleis kan vi då oppnå nullutslepp i 2050?

Norsk reiseliv har i stor grad rista av seg pandemien og overnattingstala for både norske og utanlandske gjestar er no forbi 2019-nivået. Prognosane tyder på at straumen av besøkande vil fortsetje. Eit dystert bakteppe, som paradoksalt nok kan slå positivt ut for norsk reiseliv, er hyppigare hetebølgjer i i Europa og andre marknadar utanfor Norge. Reiselivet i Norge har eit mål om vekst i verdiskapinga og at dette skal skje innafor rammene av ei berekraftig utvikling. Det inneber mellom anna at utsleppa av klimagassar frå næringa skal ned mot null innan 2050. Forsking viser derimot at utsleppa frå reiselivet aukar, i all hovudsak frå transporten av turistar til og frå Norge.

Myndigheiter og transportaktørar utvviklar ny, klimavenleg teknologi, der den norske elbilsatsinga ofte blir løfta fram som ei suksesshistorie. Internasjonale studiar viser samtidig at utviklinga går for sakte i forhold til målet om nullutslepp innan 2050. Dette gjeld særleg for dei to transportformene som reiselivet i Norge har gjort seg avhengig av: cruise og langdistanse-fly. Her er det ingen økonomisk realistiske løysingar på bordet. Mot 2050 vert òg mykje av utsleppsgevinsten ved ny teknologi vekke fordi mange av oss reiser stadig oftare og lengre. Teknologiske løysingar er med andre ord ikkje nok. Skal reiselivet og transportsektoren klare å nå klimamåla, må me i tillegg få ned omfanget av transport. Men korleis bør det gjerast, og av kven?

Ein del av ansvaret for klimaomstilling vert lagt til destinasjonane sjølve. For å oppnå “Merket for bærekraftig reisemål” skal cruisedestinasjonar kome fram til lokal semje om maksimumsnivå altså ei tolegrense for cruiseturismen. Her kan kommunar og reisemål hamne i ein vanskeleg spagat mellom omsyn til lokal verdiskaping, trengsel i gatene og globale utslepp. Gjennom tolegrenseanalysar skal reisemåla komme fram til eit akseptabelt nivå for turisttrafikken. Korleis kan dei balansere lokal vinst og lokale konfliktar og samstundes  ta omsynet til globale miljøulemper når det gjeld cruiseturismen?

Arrangementet startar med korte innleiingar frå to forskingsprosjekt «Turisme og klimarisiko: ein modell for korleis det norske reiselivet kan redusere klimautslepp og auke verdiskaping» (TourRisk) og “Kunnskapsgrunnlag for vurderingar av tolegrenseanalyse for cruiseturisme i Longyearbyen”. Etter innleiingane har me ein samtale rundt desse spørsmåla:

  1. Målet om eit berekraftig reiseliv blei ein del av norsk reiselivspolitikk i 2007. Kvifor har me framleis ikkje fått ned utsleppa?
  2. Dersom teknologiutviklinga går for langsamt for å få ned utsleppa frå reiselivet, kva andre verkemiddel bør me satse på? 
  3. Bør det vere opp til kommunane og reisemålsselskapa å bestemme omfanget av cruiseturismen, eller treng me ein nasjonal plan for cruise? 
Hopp til toppen