Korleis ser ein arealpolitikk som integrerer natur- og klimaomsyn ut?

Arrangør
Vestlandsforsking, Vestland fylkeskommune
Dag
Torsdag 15.8 2024 12:10 - 12:55
Arrangementstype
Debatt
Tema
Klima/miljø
Språk
Norsk
Sted
GRID-Arendal
Stedsbeskrivelse
Grid Arendals bakgård
Vis i kart
Antall plasser i lokalet
50
Medvirkende
Iselin Helløy, Prosjektleiar, Vestland fylkeskommune
Signe Nybø, Forskningssjef, NINA
Halvard D. Lægreid, Spesielrådgiver, KS
Synnøve Stalheim, Seksjonsleiar, Vestland fylkeskommune
Andreas B. Eriksen, Klima- og miljøminister, Regjeringen
Bengt Solheim-Olsen, Ordførar, Kinn kommune
Eivind Brendehaug, Seniorforskar, Vestlandsforsking
Kjartan Alexander Lunde, Gruppeleiar Venstre, Rogaland fylkesting
Kontaktperson
Eivind Brendehaug, Seniorforskar, Vestlandsforsking, 95191752, ebr@vestforsk.no
Nettside
https://www.vestlandfylke.no/statistikk-kart-og-analyse/arealrekneskap/
http://www.vestforsk.no
Facebook
www.facebook.com/vestforsk
Universell utforming
Nei
Miljøprofil
Nei, vi oppfyller ikke Arendalsukas miljøkrav.
Om arrangementet

Regjeringa har sett i gang arbeid for å utvikle betre data og metodikk for arealrekneskap, og fleire FOU miljø er engasjerte. Ein rettleiar frå KDD er lansert, men den tar i liten grad stilling til fylkeskommunen sin rolle, sjølv om det er dei som i stor grad lagar arealrekneskapa som kommunane bruker i sin planlegging. Desse bygger bl.a. på arealressurskart (AR5) utvikla for jord- og skogbruk, men fleire har peikt på at dette er for mangelfullt for med tanke på natur. Samstundes er Miljødirektoratet i gang med utvikling av grunnlaget for arealrekneskap som skal vere i samsvar med dei internasjonale standardane (vedteke av FN og EU) for økosystemrekneskap. Målet er at dette skal vere klart på nasjonalt og regionalt nivå i 2026. 

Forventningane til arealrekneskap i kommunane og fylkeskommunane er å styre arealbruk slik at klimaomsyn og ivaretaking av naturmangfald vert sett i samanheng, men hittil har Regjeringa i lita grad gått inn i denne utfordringa. Når vil vi få en nasjonal arealpolitikk som integrerer klimaomsyn og ivaretaking naturmangfald, og korleis kan denne politikken effektivt følgast opp lokalt? 

Hopp til toppen