Kva veit vi om samanhengane mellom arealbruk, naturmangfald og klima?

Arrangør
Vestlandsforsking
Dag
Torsdag 15.8 2024 11:00 - 11:45
Arrangementstype
Debatt
Tema
Klima/miljø
Språk
Norsk
Sted
GRID-Arendal
Vis i kart
Antall plasser i lokalet
50
Streaming
Gå til streamingsiden
Medvirkende
Eva Falleth, Områdedirektør, Noregs forskingsråd
Erlend Nilsen, Seniorforskar, NINA
Kyrre Groven, Seniorforskar, Vestlandsforsking
Liv Guri Velle, Forskar, NIBIO
Thomas Christian Kiland-Langeland, Fagdirektør, Statsforvaltaren i Agder
Carlo Aall (debattleiar), Leiande seniorforskar, Vestlandsforsking
Kontaktperson
Kyrre Groven, Seniorforskar, Vestlandsforsking, 99127344, kgr@vestforsk.no
Nettside
http://vestforsk.no
Universell utforming
Nei
Miljøprofil
Ja, vi oppfyller Arendalsukas miljøkrav.
Om arrangementet

Arelabruksendringar er den viktigaste grunnen til tap av naturmangfald. Arealbruk påverkar dessutan økosystemtenester som karbonopptak/lagring i jordsmonn og vegetasjon, og naturen si evne til å gjere oss meir klimarobuste. To eksempel: Når vi bygger veg gjennom ei myr, vil framtidig karbonlagringsevne bli redusert, CO2 bli frigjort og området kan bli meir flaumutsett. Utbygging av fornybar energi er arealkrevjande og kjem lett i konflikt med andre miljømål.

I nyare tid har vi forstått at natur- og klimakrisene er tett samanvevde og må løysast i samanheng, men det har mangla ein god oversikt over kunnskapen på området. Forskingsrådet har derfor fått utarbeidd to oppsummeringar av forskingsbasert kunnskap om samanhengar mellom arealbruk og arealbruksendringar i Norge og effektar på og utfordringar for naturmangfald, økosystemtenester, klimatilpassing, karbonopptak og -lagring.

Dette arrangementet blir ein sofadiskusjon mellom representantar for Forskingsrådet, miljøforvaltninga og dei to forskingsmiljøa som har gjennomført kunnskapsoppsummeringane (NINA og Vestlandsforsking). Vi vil trekke fram viktige funn om forskingslitteraturen, peike på  kunnskapshol og diskutere kva som skal til for å skaffe den kunnskapen som manglar.

Hopp til toppen