AVLYST - Ei risikabel vakt, natt- og åleinearbeid på bensinstasjonar

Arrangør
HK Norge
Dag
Tirsdag 13.8 2024 12:00 - 12:50
Arrangementstype
Seminar
Tema
Arbeidsliv
Språk
Norsk
Sted
Bankgården
Vis i kart
Stedsbeskrivelse
Møterom 4. etasje
Antall plasser i lokalet
60
Kontaktperson
Gjermund Skaar, HK Norge, 92217700
Nettside
http://hk.no
http://tankesmienagenda.no
Universell utforming
Rullestoltilpasset lokale
Miljøprofil
Ja, vi oppfyller Arendalsukas miljøkrav.
Servering
Ja
Om arrangementet

Nesten 10 000 personar jobbar på energistasjonar i Noreg. Ei særleg utfordring ved desse jobbane er at mange jobbar åleine på kveld og natt. Føremålet med dette møtet er å kaste lys over denne arbeidskvardagen.

Vi har samman med Tankesmien Agenda gjennomført ei spørjeundersøking blant HKs medlemer i energistasjonsoverenskomsten. Undersøkinga viser at mange jobbar åleine kveld og natt, og at mange er misnøgde med eige lønnsnivå. Mange svarer at dei generelt opplever tryggleik på jobb, men at dei er meir utrygge når dei er åleine.  

Vi har også gjennomført fem djubdeinterjvu med tillitsvalte i HK som organiserer tilsette ved bensinstasjonane. Desse fortel alle om å ha opplevd ei rekke veldig alvorlege situasjonar rundt tryggleik. Det kjem også fram ei rekke erfaringar med seksuell trakassering.

Dette har vi gjort som ein del av arbeidet vårt opp mot utvalet «styrkt vern mot nattarbeid» som regjeringa har sett ned. Utvalet legg fram rapporten sin i juni 2024. Vi inviterer utvalet til dette møtet for å ta diskusjonen om korleis vi kan gjere det tryggare å vere på jobb.

Hopp til toppen