Slik finansierer me eldrebølgja – om utanforskap, arbeidsinnvandring, tradwives og eldre i arbeid

Arrangør
Haugaland Vekst/ Region Sunnhordaland
Dag
Tirsdag 13.8 2024 15:00 - 15:55
Arrangementstype
Debatt
Tema
Arbeidsliv
Arbeidsliv
Språk
Norsk
Sted
M/S Sandnes
Stedsbeskrivelse
Hovudsalong
Vis i kart
Antall plasser i lokalet
150
Medvirkende
Gjermund Løyning, direktør, NHO
Ulf Andersen, Statistikksjef, NAV
Repr frå Aker, Aker
Helene Arholm, regiondirektør, KS
Katrine Jakobsen, Vestland fylkeskommune
Per Vidar Kjøllmoen, Stortingsrepr, Arbeiderpartiet
Aleksander Stokkebø, Stortingsrepr, Høyre
Tora Haslum Myklebust, dagleg leiar, Region Sunnhordaland
Sigmund Lier, dagleg leiar, Haugaland vekst
Kontaktperson
Sigmund Lier, dagleg leiar, 987637013, 97198320, lier@h-vekst.no
Universell utforming
Hørselshjelpemidler
Miljøprofil
Nei, vi oppfyller ikke Arendalsukas miljøkrav.
Om arrangementet

Korleis opprettheld me økonomisk vekst i møte med ei aldrande befolkning? Det enkle svaret er at fleire må stå lenger i arbeid, færre kvinner må jobba deltid, fleire uføre må inn i arbeidslivet og arbeidsinnvandringa må opp. Men er det så enkelt?

 

Kvar femte nordmann i arbeidsfør alder står i dag utanfor arbeidslivet. Talet på unge uføre har dobla seg dei siste ti åra. Forsøk på å importera arbeidskraft blir møtt av eit tunggrodd system. Meir enn ein tredel av kvinnene jobbar deltid og tradwife-trenden går viralt i sosiale media. Sjølv om mange oppgir at dei ønskjer å jobba etter fylte 67 år, er det langt færre som faktisk gjer det.

 

Samstundes skrik næringslivet og det offentlege etter arbeidskraft og kompetanse. Lærarar, sjukepleiarar, ingeniørar og IT-konsulentar er mangelvare. På Haugalandet og i Sunnhordland er det eit stort og aukande behov for både fagarbeidarar og folk med høg utdanning innan både etablerte og nye grøne næringar som havvind, batteriproduksjon, CCS og ammoniakk. Store arbeidsintensive industrietableringar er rett rundt hjørnet i det som er Noregs største ferdigregulerte næringsområde. 

 

Me inviterer til debatt om:

  • Korleis får me alle i arbeid?
  • Korleis skapa eit samfunn som legg til rette for at alle med restarbeidsevne kan delta i arbeidslivet?

Korleis sikra rask og effektiv godkjenning av  arbeidskraft frå land utanfor EØS?

Hopp til toppen